Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Opp gjennom åra har han brukt mange timar på fotballen, både på og utanfor bana. Det har ikkje blitt nokon færre etter at han tok over som trenar for to lag; G15/17 og G20.

Høyanger-ungdom tek trenaransvar. Marius (18) gjer det bra med to lag

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. november 2020

Denne sesongen har fleire spelarar frå IL Høyang sitt A-lag stilt opp som trenarar for dei yngre. Marius Varden Fossen (18) har like godt teke på seg ansvaret for to lag.

Og han har gjort det godt med begge, ikkje minst G15/17. Etter 4-3 over Jotun 1 onsdag vann hutelaget til IL Høyang avdelinga si, og no ventar semifinale mot Stryn om mogleg KM-tittel.

– Eg føler at det har vore ganske bra. Så langt har vi i alle fall klart måla våre, men vi er ikkje heilt framme enno, seier Marius Varden Fossen (18) sjølv.



Han har vore fast spelar på A-laget sidan 2017, då han var 15 år. Siste par åra har imidlertid skadar gjort at han ikkje har kunne trene like hardt som før. Tidlegare i år vart det slått fast at han hadde Gilmores´s groin – eller såkalla idrettsbrokk. Det betyr likevel ikkje at han heldt seg unna fotballen.



– Det er jo også der eg har kompisane mine. Så det å vere til stades, sjølv om eg ikkje kunne trene som før, har vore viktig, seier han.



Men no er det trenarrolla som gjeld.

- Det er gjerne foreldre som trenar laga til ungane sine, i alle fall på aldersbestemt nvå. Men det er ikkje alltid det let seg gjere, av forskjellige årsaker. Då kan yngre spelarar vere løysinga, slik den har for oss denne sesongen. To av lagkompisane mine, Sindre og Brage, trenar for eksempel G12-laget, seier Fossen og tykkjer det er viktig å bidra i lokalmiljøet.

Les meir i siste Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord