Høyanger skal få betre og sikrare straumforsyning


– Det vil ikkje lenger vere slik at Høyanger blir utan straum i timar ved feil på lokalt nett. Med den nye distribusjonsnettet som vi no lagar gjennom tettstaden blir det historie, seier prosjektleiar Asgeir Norevik hos BKK Nett til Ytre Sogn.

Sidan i fjor haust har arbeidet med å lage grøfter, legge kabler og bygge ny trafostasjon pågått i tettstaden. På det meste har 25 personar vore i arbeid på prosjektet, og det skal etter planen vere ferdig i september.

– Oppgradering av straumnettet i Høyanger har vore diskutert i mange år, i og med at standarden på det ikkje har vore etter dagens krav. Det vert det no gjort noko med, seier Norevik om prosjektet som vil gje betre og sikrare straumforsyning til tettstaden.

Den nye kabeltraséen går frå Hydro, langs fylkesveg 55 og Daleelva, forbi Fundo-bygget og fram til Dale. På Dale er det planen at traseen skal krysse elva og gå videre opp til Høyangertunnelen.

– Samstundes tek vi høgde for behovet i samband med nyetableringar i Fundo-bygget, med ekstra røyr dit, seier Norevik.

Prosjektet kjem på 58 millionar kroner, og er eit spleiselag mellom BKK, Statkraft, Hjetland Industripark og Sognekraft/Tinnfos. Sistnemnde står bak det nye kraftverket på Nessane og vil levere straum gjennom Høyangertunnelen, fram til den nye trafostasjon.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Grøftearbeidet byrja i august, og skal vere ferdig i mai.