Høyanger ser til Balestrand for reiselivssamarbeid


– Om det ikkje finst aktivitetar på plassen, samarbeid med naboen! Det er rådet Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Vist Sognefjord, har til kommunar som vil satse på reiseliv. Og det rådet vil Høyanger følgje.

- Vi har allereie vore i dialog med reiselivsbedrifter i nabokommunen Balestrand, som tilbyr ulike aktivitetar for turistar og andre, og ser no på om vi kan kople oss på nokre av dei, seier Birgitta Hagen Kyrkjebø, næringskonsulent hos Høyanger Næringsutvikling (HNU), til Ytre Sogn.

Onsdag denne veka inviterte dei til reiselivsseminar på Øren Hotel, der nettopp korleis Høyanger kan bli ein attraktiv destinasjon på line med andre sognekommunar var tema. Blant dei som var invitert for å halde føredrag, var Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord, og han snakka nettopp om tenkje samarbeid når det gjeld produkt som ein tilbyr turistar og andre som besøkjer plassen.

– Utfordringane til Høyanger er at det er for lite kjent, manglar aktivitetar og har låg overnattingskapasitet. Hotella er litt for små til å ta imot grupper, men er ypperlege for individuelt reisande. Men dei vil ha aktivitetar. Og då er rådet mitt «Samarbeid med naboen!», seier han til Ytre Sogn.

Det gjentok han også i innlegget sitt etterpå.

– Balestrand er ein stor turistkommune, og har mange som er flinke på aktivitetar, som rib-båt, kajakk sykkel, fiske og anna. Høyanger bør kople seg på der. Så kan det hende at det , får fleire til å bli ei stund når dei først er her. Det vil både hotell, butikkar, kafear og andre kunne tene på, seier Brandshaug.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!