Høyanger og Balestrand saman om turismevisjon


– Masse folk som tener masse pengar. Det er målet når Balestrand og Høyanger går saman for å lokke turistane til eksklusive opplevingar i dei to bygdene.

Eksklusivitet, bærekraft og utnytting av eksisterande tilbod. Det er sentrale ord når Balestrand Adventure, saman med kommunane Høyanger og Balestrand, utvidar turisttilbodet sitt til Høyanger.

Joakim Systaddal, talsperson for Baletrand Adventure og næringsutviklar i Balestrand kommune, kan no saman med Birgitta Hagen Kyrkjebø i Høyanger Næringsutvikling fortelje om det nye tilbodet.

– For oss er Høyanger eit naturleg satsingsområde. Høyanger byr på ting som ikkje vi i Balestrand har, forklarar Systaddal før han utdjupar: – Høyanger er ein industriplass, og det er interessant i reiselivsamanheng. Det byr på ei spesiell historie, samt ein heilt spesiell infrastruktur med trapper, trallbaner og vegar langt opp på fjellet.

– Bygdene utfyller kvarandre på ein fin måte, legg Kyrkjebø til.

Denne turistsesongen er altså fleire attraksjonar og tilbod i Høyanger på Balestrand Adventure sine heimesider. Tilbodet består mykje av eksisterande tilbod, men også nye.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!