Skred og stengte vegar

Høyanger ikkje lengre isolert

Store nedbørsmengder laurdag fører til problem på vegane.


Kl. 16 vart fv. 55 ved Hovdetunnelen ved Høyanger stengt grunna uværet, og ein time tidlegare gjekk eit snøskred over vegen i Lånefjorden og stengte vegen der. Høyanger var derfor isolert i nokre timar fram til kl. 19 då vegen ut mot Kyrkjebø igjen vart opna.