Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. februar 2018
Ytre Sogn 26. februar 2018

Høyanger har no ei arbeidsløyse på 1,7 prosent, og er dermed – saman med Årdal – den kommunane i fylket som har størst nedgang. (Foto: Mohanned Galal)

Størst reduksjon i arbeidsløysa

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. februar 2018

15 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Høyanger og Årdal.

I januar var det 987 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 94 færre enn for eitt år sidan, og svarar til ein reduksjon på ni prosent.

– Vi må tilbake til 2008 for å finne eit lågare tal i januar, fortel Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane

– Låge permitteringstal og aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak er med å forklåre det låge arbeidsløysetalet. Samstundes gler vi oss over at arbeidsløysa går kraftig ned på heile Vestlandet, seier Thorsnes.

Lågast i landet

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 19 prosent frå januar i fjor. Det er no 71 849 heilt ledige, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Med ei arbeidsløyse på 1,7 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet saman med Troms.
15 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i januar. Størst reduksjon har Årdal og Høyanger med høvesvis 19 (-39 prosent) og 18 (-33 prosent) færre ledige enn på same tid i fjor. Dei har no ei arbeidsløyse på høvesvis 1,1 og 1,7 prosent.
Aurland har størst auke i arbeidsløysa med 11 fleire ledige (+79 prosent), og ligg no på 2,5 prosent.
Hyllestad, med 3,7 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Gloppen og Gaular, begge med 0,9 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Positivt i industri

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 65 færre ledige enn i januar i fjor. Det er no bere 198 ledige i industrien. Det låge talet har samanheng med få permitteringar.
I januar var det 70 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 50 færre enn same månad i fjor. 19 av desse kjem frå bygg og anlegg og 26 frå industri – av dette berre 6 frå fiskeindustrien.
Elles vart det registrert heile 1026 nye ledige stillingar i januar, ein auke på 43 prosent frå januar i fjor. Auken er størst innan ingeniør- og ikt-fag, og reiseliv/transport. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan reiseliv og transport.

– Sjølv om mange av dei nye stillingane, særleg i helsesektoren, gjeld sommarjobbar, er dette svært positive tal som er teikn på auka aktivitet, seier Thorsnes.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord