Høyanger får 125 000 kr til ny utstyrssentral


- Dette vil vere eit stort løft i høve tilbodet vi har i dag, seier Anita Nordheim og Kine Larsen Gunnarskog i Høyanger kommune.


Kommunen har hatt utstyrssentral, der ein leiger ut diverse utstyr til sport og friluftsliv, i ei årrekkje. Hovudmålgruppa er born og unge som ønskjer å prøve ut ein ny aktivitet, og som låner utstyr før dei bestemmer seg for å kjøpe sitt eige. Det er heller ikkje alle som har råd til det, og difor må låne.

No ønskjer ein å oppgradere sentralen, og har fått 125 000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Tidlegare har politikarane i kommunen løyvd 50 000 kroner til føremålet. 


- Det inneber blant anna at vi no kjøper ei digital løysing frå det såkalla BUA-nettverket, til bestilling av utstyr som ein vil låne, og som ein hentar på sentralen etterpå. Det blir noko heilt anna enn i dag, der alt skjer manuelt, fortel Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse, til Ytre Sogn.

Dei har allereie ein del utstyr i sentralen, som er i kjellaren i Høyanger samfunnshus. Blant anna telt, soveposar, fiskestenger, stormkjøken, alpinski, skøyter, hengekøyer og tursekker.

- Men vi ønskjer å utvide den med enno fleire eksemplar av utstyr vi allereie har, i tillegg til å supplere med ein del nytt, seier Kine Larsen Gunnarskog, kulturmedarbeidar og folkehelsekoordinator.


Dei er også i gang med å sjå etter nye, meir eigna lokale.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!