Høyanger-elevar deltek i NM i klima


Hedda Stølen Olsen, Marius Varden Fossen, Kristine Ølmheim og Laura Berkova utgjer klimakomitéen ved Høyanger vidaregåande skule. Saman skal desse sørge for at skulen bidreg til mindre CO2-utslepp.


Det skjer gjennom NM i klima, som er ein konkurranse der elevar og lærarar over heile landet konkurrerer i å redusere eigne CO2-utslepp i kvardagen. Den føregår frå 21. januar til 4. februar 2020, og 53 skular over heile landet deltek.



– Utgangspunktet er å skape resultat saman, og i tråd med dei nye læreplanane setje klimautfordringa på dagsorden, seier læraren deira i realfag, Vemund Flatebakken.


Konkurransen går ut på å loggføre eigne val gjennom dagen, som til dømes om ein har dusja litt mindre, ikkje ete kjøt eller om ein har droppa bilen til skule og jobb. Fjorårets klimastreik gjorde mykje, og dette er ein del av bevisstgjeringa rundt ord til handling, som er tanken bak.

 Det heile blir loggført og registert gjennom ein app og heimesida til Ducky.eco. Resultata kjem fortløpande.

Hedda Stølen Olsen, Marius Varden Fossen, Kristine Ølmheim og Laurda Berkova utgjer klimakomitéen ved skulen.



– Eg synest det er flott at skulen tek tak i det. På den måten får ein fleire med, og eg trur det vil gjere endå fleire bevisste på klimapolitikken og grep ein sjølv kan gjere i kvardagen. Dette gjer til at vi får ein meir miljøvenleg kvardag, som er bra. Vi hadde klimastreik her på skulen i fjor, og det at vi kan følgje det opp med ein klimakonkurranse synest eg er viktig, seier Stølen Olsen.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!