Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. april 2018
Ytre Sogn 23. april 2018

Leiar Solveig Løvik Norevik (biletet) og resten av Høyanger Ap krev at Helse Førde no jobbar aktivt saman med Høyanger kommune mot Helse Vest og Helse Bergen for å styrke og vidareutvikle Tronvik som behandlingsinstitusjon.

Uroa for Tronvik si framtid

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 9. februar 2018

Høyanger Arbeidarparti er uroa for framtida til Helse Førde si psykiatriske avdeling på Tronvik.

Dei krev no at Helse Førde – saman med Høyanger kommune – jobbar aktivt mot Helse Vest og Helse Bergen for å styrke og vidareutvikle Tronvik som behandlingsinstitusjon.

– Siste fem åra har talet på tilsette gått ned frå nær 100 i 2013, då Post 4 vart lagt ned, til om lag 60 i 2018. No som det er lansert konkrete planar om at Helse Førde vil samle all sin aktivitet innan pykiatrien i Førde, fryktar vi at talet vil gå ytterlegare ned, seier Solveig Løvik Norevik, leiar i Høyanger Arbeidarparti.

Ho viser til avdelinga på Tronvik som er del av Distriktspsykiatrisk senter for ytre Sogn og Sunnfjord (DPS).

– Fram til no har det vore manglande investeringsmidlar i helseføretaket som har hindra dei i å flytte avdelinga til Førde, seier ho.

I dag er DPS sitt døgntilbod fordelt mellom dei og Førde. Tronvik har i alt 11 sengeplassar – inkludert to såkalla brukarstyrte plassar, som er eit lågterskeltilbod. Til desse er det knytt om lag 20 stillingar.

– I tillegg kjem arbeidsplassae knytt til fellestenestene rundt behandlingstilboda. Forsvinn ei avdeling, vil også nokre av dei bli overflødige. Og kva sit Tronvik att med då? Vi er redde det kan bli såpass lite at då kan neste steg bli å leggje ned resten av institusjonen, seier Norevik.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord