Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Christine Neguse Eyob laga åtte mål i kampen, fire av dei kom frå straffemerket. (Foto: Mohanned Galal)

Høyang tapte thrillerkamp

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 16. februar 2018

IL Høyang sitt J16 lag i handball møtte Sogndal i Høyangerhallen tysdag kveld. Etter 2 x 25 minutt med spennande handball kunne gjestane juble for siger 19-20 og ta begge poenga med heim.

Sist desse laga møttest vann Sogndal 24-21. I kampen tysdag hadde Siv Ølmheim sine J16- jenter Sogndal på kroken heilt til det stod att tre minutt. Då leia heimelaget 19-18 og hadde i tillegg fleire store sjansar til å setje inn det avgjerande målet. Sogndal utnytta feila og skåra to mål til, det siste kom minuttet før dommar Harald Øye blåste av kampen for full tid.

Les meir om kampen i Ytre Sogn fredag

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord