Høyang slapp med skrekken


Balestrand kjempa mot nedrykk og Høyang om opprykk. I starten av lokaloppgjeret på Kreklingen stadion i Balestrand var det ikkje lett å sjå kven som var i toppen og botn av tabellen, men så fekk gjestane orden på spelet og vann til slutt komfortabelt 1-5.

Balestrand tok tak i kampen frå første sekund og pressa gjestane frå Høyanger gjennom store delar av første omgang. Keeper Kristian R. Johansen fekk nok å gjere, og allereie etter tre minutt måtte han i full strekk for å avverje skåring til vertane. Etter ni direkte elendige minutt måtte trenar Leif Arne Tveit ut på sidelinja for å jage på spelarane.

Les meir i Ytre Sogn

Jacob Frøyen Bergset sprang frå heile Balestrand og trilla ein ferdigskåra pasning inn til Joakim Sjøthun Måren som auka til 1-4 etter 86. minutt.