Høyang hadde serieleiaren i kne


Høyang sjokkopna i heimekampen mot serieleiar Syril og leia 2-0 etter fem minutt.

Då hadde Jacob F. Bergset ordna 1-0 i det 1. minutt og Tommy S. Værøy auka til 2-0 i det 5. minutt. Likevel skulle det ikkje være nok til at alle poenga vart att i Høyanger. Sluttresultatet vart 2-2.

Les meir i Ytre Sogn fredag

Ein krempasning frå Tommy S. Værøy fekk Jacob F. Bergset på løp gjennom forsvaret til eit Syril lag som til no hadde åtte sigrar av åtte mulige. Bergset dunka til og ballen sneik seg så vidt under hansken til målvakta til leiing 1-0.