Hovland i korona-karantene


Milan-spelar Stine Hovland meldte i førre veke forfall til A-landslaget sine kampar i Algarve. Årsaka er reiseforbod og karantene på grunn av korona-viruset.


Det melder NTB.

Den italienske fotballstordomen Milan sine kampar både på dame- og herresida er utsett på grunn av spreiinga av korona-viruset i Nord-Italia. Onsdag måtte returoppgjeret i cupen mot Fiorentina utsetjast.

– Stine Hovland er ilagt karantene og utreiseforbod av klubben sjølv om ho er frisk. Klubben har valt å ta sine forholdsreglar sidan spelarane deira bur i eit høgrisikoområde, skriv kommunikasjonssjef Ynge Haavik i ein SMS til NTB.

29-åringen frå Vadheim var med i troppen som møter Danmark i første kamp onsdag denne veka.