HKIF-styret går inn for å selje feriestaden på Norevik


På eit ekstraorinært årsmøte kjem styret i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF) til å gjere framlegg om å selje heile Norevikane/Fagernes hytte- og konferansesenter.

– Vi må berre innsjå at vi ikkje har økonomi til verken å drifte eller å halde vedlike området sjølve, og difor har vi no kome fram til at det er betre om nokon andre som har det tek over, og rustar opp, slik at det også i framtida kan nyttast som feriestad, både av medlemmer og andre, seier Lars Kjetil Skeie og Astrid Refsdahl, høvesvis leiar og sekretær i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF), til Ytre Sogn.

Dei har brukt siste året på å sjå på løysingar for kva dei skal gjere med hyttesenteret ved E39, mellom Vadheim og Lavik, etter at dei stod utan nokon til å drifte for seg.

– Siste åra var det Joakim Systaddal og gjengn på hotellet i Leirvik som dreiv feriestaden, og dei gjorde eit heiderleg forsøk. Men etter at det ikkje lenger gjekk rundt økonomisk, måtte dei gje seg, seier dei Skeie og Refsdahl, og viser til at dei 11 hyttene på området har ein altfor dårleg standard i høve til kva turistar og andre i dag forventar.

- Så det har ikkje vore lett å få leigd ut hytter.

I etterkant har dei også fått utarbeidd ein tilstandsrapport, og dei viser - ikkje uventa - at behovet for vedlikehald er stort.

- Vi snakkar om kostnader på fleire millionar kroner. Og jo lenger tid som går før det vert gjort noko med, jo meir blir det å ta att, påpeiker dei to.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

- Det har på ingen måte vore noko lett avgjerd,, seier Lars Kjetil Skeie (f.v.) og Astrid Refsdahl, høvesvis leiar og sekretær i HKIF.