Hjarterom på Kviknes Hotel


Kviknes Hotel viser - bokstaveleg tala - hjarterom fredag kveld.


Slik lyser nemleg det tradisjonsrike hotellet opp Balestrand i kveld. 

I nyaste delen er lys tende i utvalde rom, slik at dei formar eit stort hjarte.



- Det er meint som eit teikn til omgjevnadane om at vi må vise hjartelag. Vi må hugse å ta godt vare på kvarandre i den uverkeleg situasjonen vi no er i, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne til Ytre Sogn. 



Han fortel at det heile var ganske spontant. 



- Eg har sett liknande på andre bygg tidlegare, og tenkte at denne veggen kunne eigne seg for det. 



Lysa tende han i utvalde rom då han gjekk frå jobb fredag kveld. 



- Eg var litt spent på korleis det ville sjå ut, men det vart akkurat slik eg håpa, seier Kvikne.



Og responsen då han la ut bilete på sosiale media let seg ikkje vente på. På kort tid hadde det fått over 500 likes.



- Så det var tydelegvis noko som traff. Eg håpar i alle fall det, seier han.