Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Saman med resten av helsefag-klassen ved Høyanger vidaregåande skule er Julie Aaland (t.v) og Martine Espe i gang med å lage orienteringsløyper, i samband med markering av Verdsdagen for psykisk helse.

Helsefag-elevar lagar orienteringsløyper

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 13. september 2020

-Løypene vi lagar til skal vere for alle, unge som eldre, seier helsefag-elevane Julie Aaland og Martine Espe ved Høyanger vidaregåande skule.

I samband med markeringa av Verdsdagen for psykisk helse er elevane i helsefag-klassen ved skulen i gang med eit prosjekt kalla psykisk helseorientering. Lærar Marita Neverdal fortel at elevane jobbar med seks orienteringsløyper som er tilpassa ulike brukargrupper og funksjonsnivå. 



-Tre av orienteringsløpene vil vere utandørs rundt om i Høyanger, medan tre miniløyper inne på avdelingane på sjukeheimane i Høyanger og på Kyrkjebø. Dette er for alle, både unge og eldre, og vil bli arrangert i samband med Tryggleiksveka i Høyanger neste veke. Løypene vil vere tilgjengelege frå måndag ettermiddag, seier ho til Ytre Sogn.

For det blir ei annleis tryggleiksveke i Høyanger i år. Alle publikumsarrangement er nemleg avlyst grunna Covid-19. 


– Vi vil likevel gjennomføre den, men på ein litt annan måte, seier Kine Gunnarskog i Høyanger kommune som er ansvarleg for Tryggleiksveka, som i år er lagt til 14.-20.september.



Får premiar

Julie Aaland og Martine Espe er to av elevane frå helsefag som no jobbar med løypene.
 Dei fortel at dei vil innehalde postar med bokstavar, som skal danne eit løysingsord som deltakarane kan sende inn. Dei vil plukke ut ti deltakarar som får premiar.


– Elles vil postane også innehalde nokre tankevekkjarar rundt dette med psykisk helse, seier dei og viser til at i løpet av livet er om lag halvparten av Norges befolkning borti ei eller anna form for psykisk liding eller problem. 
- Difor er det viktig at det ikkje er eit tabutema, men at ein er open og snakkar om det, seier dei. 


Les meir i siste Ytre Sogn!


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord