Hellbillies har gjennom åra vore innom nær kvart einaste samfunnshus, konserthus og arena i landet. Berre i Gulen har dei tidlegare spelt på Dalsøyra og i Skjerjehamn. Og no står Eivindvik for tur.
Køntri-festivalen er tilbake

Hellbillies til Gulatingsparken

Tidlegare denne veka kunne arrangøren bak Køntri i Gulatingsparken avsløre at det vert comeback for den populæra festivalen i 2021.


Noko å sjå fram til
Datoen for årets arrangement er sett til 19.juni, og billettsalet til arrangementet opna onsdag. 

– Onsdag var dagen då Bent Høie holdt pressekonferanse om å slå rekordar ein ikkje ønskja å slå. Då bestemte vi oss for at no treng folk noko å sjå fram til. Difor framskunda vi annonsering av Køtri sin tilbakekomst med nokre veker, seier festivalsjef Terje Steine Mjøs i ei pressemelding. 

Køntri vart arrangert i åra 2015 og 2016, og rakk å bli eit veldig populært arrangement, men vart sidan lagt vekk. 

– Det var fleire grunnar til at vi ikkje «rulla vidare» i åra etterpå, men i bunn og grunn handla det om at tida ikkje strakk til. Andre arrangement krevde all tid, og vi hadde rett og slett ikkje kapasitet til å arrangere Køntri. Men det har stadig vore eit tema internt, og nærmast kvar veke har det kome spørsmål frå publikum som ønskja ny folkefest i Gulatingsparken, forklarar bookingsjef Viggo Randal. 

På toppen av plakaten
Årets utgåve av festen starter med eit skikkeleg smell og arrangøren kan i dag fortelje at Norge sitt kanskje mest folkekjære band toppar plakaten i år. I fjor hadde Hellbillies store planar om å markere sitt eige 30-års jubileum med ein omfattande turne. Men som resten av musikk-Norge vart turnéen meir eller mindre avlyst, grunna covid 19. 

– Hellbillies har gjennom åra vore innom nær kvart einaste samfunnshus, konserthus og arena i landet. Berre her i Gulen har dei tidlegare spelt på Dalsøyra og i Skjerjehamn. Dette er eit band som har greid å halde seg like aktuelle gjennom tre tiår, seier Mjøs.   

Så om du vil synge med til udødelege klassikare som «Den finast eg veit», «Ei Krasafaren Steinbu» og nyare slagare som «20 år på vegen» og «Søvnlaus» har du moglegheiten den 19. juni i Gulatingsparken. 

Arrangement i koronatid
I 2020 vart heile festivalsommaren avlyst og publikumsarrangement vart avgrensa til 200 personar. I skrivande stund er grensa 100 personar.

– Vi er ganske medvitne verda vi lever i og har planlagt for fleire ulike scenarier, og håpar sjølvsagt at flest mogleg får komme. Vi har planen klar uansett om det er 100, 500 eller 1000 publikummarar og vi tilpasser oss til dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglane, og vil gjennomføre eit trygt og godt arrangement. Og skulle det bli slik at vi ikkje kan stelle i stand fest, så vil alle billettkjøpa bli refundert, avsluttar Terje. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.