Heggø (Ap) vil ha rettleiar for arbeidsinnvandrarar i brakker


Storingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap, biletet) vil ha svar på om helseminister Bent Høie vil ta initiativ til å utarbeide ein nasjonale rettleiar for arbeidsinnvandrarar som bur i brakker.

Bakgrunnen er det store koronautbrotet ved verftet i Leirvik. Siste tala viser 80 smitta, og alle er arbeidarar ved Havyard, eller i nær relasjon til desse.

-Arbeidslivet på kysten er avhengig av arbeidsinnvandring, og brorparten av arbeidarane kjem frå aust Europa som har høgre smittetal enn vi har i Norge.Det er lite som er gjort for å førebu næringslivet godt nok på korleis overhalde smittevernreglane på brakkeriggar, og det manglar nasjonale rettleiarar for det. Vil statsråden ta eit initiativ til å lage nasjonal rettleiar for brakkerigger? spør ho no.

Ho peikar på at mange jobbar i turnusar på tre og fire veker, og reiser til heimlandet i friperioden.

- Ein vert så testa når ein landar i Norge igjen og testa på nytt etter om lag fem dager når testen er negativ. Er også test nummer to negativ så er ein ute av karantene både i jobb og fritidssamanheng. Dei fleste plassar bur arbeidsinnvandrarane i dei ordinære brakkeriggane også i karantenetida.

Ho meiner at karantene fungerar svært bra når ein bur i eigen leiligheit eller einebustad med familien.

- Men dei fleste av dei utanlandske arbeidarane skal ha karantenetida si i brakkeriggar med felles kantine og hygeneforholda er av ein annan karakter enn i eigen bustad. Det er også store utfordringer med å kunne halde avstandsreglane.

Les meir i siste Ytre Sogn!