Hedda Ølmheim prøver seg på akrobatikk med ein blå «tissue». (Foto: Privat)

Hedda Ølmheim heng med teateret så ofte ho kan

Høyangerjenta Hedda Ølmheim er for mange kjent som ein framifrå songar, men 19-åringen har fleire talent og interesser enn song.


Vi kjem i prat med Hedda Ølmheim då vi vitjar teaterframsyninga Torn og Rose i eventyrland. Ho jobbar som billettør og skal og vere brillepassar under framsyninga. 

– Kvifor er du her og jobbar?

– Det er fordi eg har ein del kontakt med Teater Vestland, fortel Hedda. 

– Korleis har det gått til?

– Då eg gjekk tredje året på Høyanger vidaregåande var eg litt lei meg for at dei som valde yrkesfag fekk komme ut i bedrifter og prøve seg på praktisk arbeid. Vi som gjekk på studiespesialisering hadde ikkje det same tilbodet. 

Ein gong gjennom skuleåret uttrykte Hedda ønskje om å få besøke Teater Vestland for å sjå kva som føregjekk der. Skulen gjorde noko med det og ei stund etter vart ho kontakta av teatret. Etter det har ho hatt jamleg kontakt med teatret i Førde.

Hedda Ølmheim er ei smilande og positiv Høyangerjente med fleire talent.

– Kva gjer du på teatret?

– Eg har fått vore med som assistent på ulike kurs som teatret held for born og unge. Men det heile starta med at eg fekk sjå på kostymar og elles bli kjent. I vinterferien var eg med på eit musikalkurs. Det er eit flott tilbod for born som har interesse for teater og ikkje skal reise vekk på ferie, fortel Hedda entusiastisk. 

Hedda fortel vidare at det er kjempeinteressant å få vere til stades der borna blir instruerte av profesjonelle både frå Førde og Bergen. Ho har og vore assistent under ulike framsyningar, som til dømes Torn og Rose. 

Det siste ho var med på i haustferien var sirkuskurs. Her fekk ho prøve seg som akrobat der dei nyttar såkalla «tissues». Ut frå bilda vi fekk dele kan det sjå ut som Hedda er ein profesjonell sirkusartist. 

– Det er utruleg moro å vere på teateret, noko eg tilrår andre å prøve, smiler Hedda.