Harald Dahlstrøm har laga song om Sandvika i Høyanger


Pianist og organist Harald Dahlstrøm har latt seg inspirere av utsikten frå terrassen heime i Sandvika i Høyanger.

Gjennom snart 40 år har Dahlstrøm, ifølgje han sjølv, arbeidd som «musikalsk leigesoldat». Den emigrerte siddisen med lang fartstid i Bergen er hovudsakleg utøvande tangentist, men han har og tidvis vore kreativt involvert i utforming av lydkulissane til ulike sceneframsyningar. Dahlstrøm har også, litt i skjul, bygd seg opp eit arkiv med sjølvkomponerte songar frå 80-talet og fram til i dag som har blitt skrivne ned og arkiverte, men aldri spelt inn.


Den emigrerte siddisen med lang fartstid i Bergen er hovudsakleg utøvande tangentist.

– Tidlegare då eg budde i Bergen leigde eg eit husvære inne i skogen på Fløyen, og der lagde eg fleire songar som «Rast ved Skomakerdiket» og «Over Blåmanen og Rundemanen». Naturen og vêret der gav mykje inspirasjon, med store kontrastar og mange stemningar. Det var til dømes ikkje heilt uvanleg at skydekket låg som eit lokk over byen, medan eg hadde sol og blå himmel heime hos meg. Eg har nok sett ein del nyttårsrakettar som bergensarane som skaut dei opp aldri fekk sjå, seier musikaren med eit stort smil, heime på den eigensnikra terrassen i Sandvika.


Og det er nettopp naturen som også har inspirert Dahlstrøm til å skrive songen «Kveldsro i Sandvika», eit stykke som føyer seg fint inn i rekkja av tidlegare komposisjonar signert same mann. Songen kan omtalast som minimalistisk nordisk jazz, med innslag av norske folketonar.


– Når eg ser ut på dei massive og trugande fjellformasjonane rundt Sandvika i skumringa om kvelden, med stjernene blinkande over, må eg seie at det er heilt fantastisk. Herifrå kan vi følgje månen og sola gli over fjella, og høyre og sjå laksen hoppe i ein elles blikkstille fjord. Naturen her er full av dramatikk, og det er lett å la fantasien løpe løpsk.


Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!