Har starta grøn salong i Hyllestad


Som ein av til saman tre frisørar i Hyllestad ønskte Laila Wolff å satse på noko nytt. Valet fall på grøn salong.

–Eg har vald å starte med grøne produkt, som inneheld naturlege planteekstrakter. Det er bra for både innemiljøet og kundane mine, seier innehavar av Frisørloftet i Hyllestad, Laila Wolff, til Ytre Sogn.
Med ein mangeårig draum om å bli frisør tok ho fagbrev i ein alder av 44 år, og for ti år sidan starta ho også eigen salong i andre etasje i fleirbrukshuset i Hyllestad sentrum. For halvanna år sidan valde eg å flytte salongen inn i «velverehuset» til naturterapaut Anne Berit Garnes, både fordi ho ønskte å vere i lag med andre, og fordi bygget var meir tilgjengeleg, blant anna for rullestolbrukarar.

Meir allergi
– I tillegg til å drive eigen salong jobbar eg vikariat nokre dagar i veka i ein salong på Sande som har vore grøn i ti år. Der vert eg introdusert og byrja å jobbe med desse produkta som ikkje inneheld ammoniakk, men er heilt luktfrie, og bra for både kundar og innemiljø. Opp gjennom åra har bruken av produkt som innheld ammoniakk ført til at fleire kundar som anten fargar eller bleikar håret har fått problem med allergiske reaksjonar som kløe og gjerne sår i hovudbotnen, Det er meir allergi blant folk i dag, og det er noko av grunnen til at eg no vel å starte grøn salong, med produkt som kun består av naturlege planteekstrakter og økologiske ingrediensar, fortel ho.
– Og som ein av til saman tre frisørar i Hyllestad ønskte eg å satse på noko nytt, legg ho til.

I startfasen
Ho seier at det er gjerne nokre som er litt skeptiske til om resultatet blir like bra med dei grøne produkta, som med andre, og om det vil koste meir.
– Men det er ikkje noko dyrare, og fargane sit like lenge i håret og resultatet blir veldig bra, understrekar Wolff. – Korleis har tilbakemeldingane vore? – Dette er førebels i startfasen, men tilbakemeldingane frå dei eg har snakka med har vore svært positive. Folk i dag er meir miljøbevisste. Så eg håpar at dette vil vere eit tilbod som folk vil like og nytte seg av, seier ho.