Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mars 2019
Ytre Sogn 25. mars 2019

Norsk Bergsikring AS er i gong med sikringsarbeidet, som vil ta omlag tre til fire veker. F.v Asle Værøy i Høyanger kommune, Kjell Cato Eriksen, Jørgen Fretheim og Truls Tokvam i Norsk Bergsikring AS.

Hålandsvegen blir stengd i fleire veker

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 10. januar 2019

I samband med vegsikringsarbeid blir vegen til Håland i Høyanger stengd kvar dag mellom klokka 7 og 19. Arbeidet starta opp 8. januar og skal utførast dei neste tre-fire vekene.

–I denne perioden blir vegen stengd både for bilar og gåande, seier avdelingsingeniør i Høyanger kommune, Asle Værøy til Ytre Sogn.

Det er firmaet Norsk Bergsikring AS, med hovudkontor i Stongfjorden i Askvoll, som har fått oppdraget med å sikre vegen.

–Det har vore rørsle i fjellpartiet og stein har kome ned i vegen, fortel avdelingsingeniør Asle Værøy i Høyanger kommune.

Les meir i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord