Gir seg som Høyang-trenar


Leif Arne Tveit har gitt beskjed om at han gir seg som Høyang-trenar fnår sesongen er over.

Det betyr at han har to kampar igjen med laget i Kretsligaen.

- Eg vore trenar for laget fire av dei fem siste sesongane, og tenkjer at no kan andre få sleppe til, seier han til Ytre Sogn.

Han fekk tilbod om å fortsetje også neste sesong, men det valde han altså å takke nei til.

- Det gjorde eg etter ei totalvurdering. Det har vore moro, spesielt dei to siste sesongane. Men det er også krevjande å vere trenar for eit lag i Kretsligaen, seier han.

Høyang er for øvrig sikra plass i Kretsligaen også neste sesong, sjølv om det vart 5-2-tap borte mot Kaupanger denne helga.

- Det er ikkje fleire enn to lag som rykker ned frå Kretsligaen etter denne sesongen. Florø 2 kan i teoiren ende opp med like mange poeng som oss, men har langt dårlegare målforskjell. Dei må i så fall skåre rundt 40 mål for å gå forbi, seier Tveit.

Samstundes møter Bremanger og Dale til innbyrdes oppgjer i siste runde, og same korleis det går kan ikkje begge laga gå forbi Høyang på tabellen.

- Så vi er i praksis sikra spel i Kretsligaen også neste sesong. Det er vi nøgde med at vi greier, som nyopprykka lag, seier Høyang-trenaren.