G13 vidare til KM sluttspel


G13 frå IL Høyang gjekk vidare i kvalifisering til sluttspel for aldersbestemte lag i futsal i helga.

IL Høyang deltok med fire lag, Gutar 13, 14 og 15, og Jenter 15, . Lag frå kvar klasse gjekk vidare til sluttspelet i Trivselshagen på Sandane 4.-5.mars. Klasse 19 år spelte ikkje kvalifisering, men gjekk direkte til sluttspelet.

Høyang sitt G13-lag spelte i Førde og dei gjekk vidare frå si gruppe etter å ha slått Breimsbygda 3-0 i kampen om tredjeplassen. Gutane er dermed kvalifisert til sluttspelet på Sandane.

Les meir om kvalifiseringa i Ytre Sogn tysdag!