Fylkesmannen tilrår grensejustering


Fylkesmannen tilrår ei grensejustering slik at Nesse grunnkrins blir flytta til Høyanger kommune.

Det er i tilrådinga lagt avgjerande vekt på den klare folkevilja hjå innbyggjarane og deira samla tilknyting til Høyanger på viktige livsområde, skriv Fylkesmannen på heimesida si.

– Utgreiingsarbeidet har klarlagt at mange av innbyggjarane på Nessane gjennom arbeid, pendling, handel og bruk av kultur- og fritidstilbod har ei naturleg tilknyting til Høyanger.

Fylkesmannen rår vidare til at den nye kommunegrensa følgjer eigedomsgrensene i fjellet og grunnkrinsgrensa ved fjorden.

– Det er i dette spørsmålet lagt avgjerande vekt på at bygdene Sæle og Lindane har kortare veg til kommunale tilbod i Balestrand sentrum enn til Høyanger, og vidare at ein ved å følgje grunnkrinsgrensa sikrar meir variert næringsliv, og i nokon grad reduserer økonomiske konsekvensar av grensejusteringa for nye Sogndal kommune.

Dei økonomiske konsekvensane som følgje av grensejusteringa blir elles vurderte å vere innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane, og framtidig utjamning av inntekter og utgifter.
Bakgrunnen for tilrådinga er eit innbyggjarinitiativ frå Nesse Grendelag. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og gav Fylkesmannen oppdraget.