
Landbruksdirektør hos Fylkesmannen, Christian Rekkedal (t.v.), ordførar Petter Sortland og Arve Søreide i samtale rundt byggetomta på Søreide.
Landbruksdirektør hos Fylkesmannen, Christian Rekkedal (t.v.), ordførar Petter Sortland og Arve Søreide i samtale rundt byggetomta på Søreide.
Preben Birkeland Søreide fekk ja frå kommunen, men nei frå Fylkesmannen til å byggje hus på heimgarden på Søreide, men etter at Fylkesmannen vitja Søreide onsdag kan saka ha teke ei ny vending.
Ballen er no sendt tilbake til Høyanger kommune og søkjar Arve Søreide.
Landbruksdirektør Christian Rekkedal, fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal og ordførar Petter Sortland møtte familien Søreide på tomta der Preben Birkeland Søreide vil byggje. Saka har fått mykje mediedekning og truleg var det alt oppstyret som førte til at Fylkesmannen tok turen til Søreide onsdag.
–Vi ville sjå på det vi kallar faktum, altså om kart og terreng stemmer med dei opplysningane vi hadde, sa Rekkedal.
Les meir i Ytre Sogn fredag