- Fylkeskommunen må stille opp for Hyllestad


Arve Helle (Ap) meiner at Vestland fylkeskommune må stille med både kompetanse og omstillingsmidlar til Hyllestad i den situasjonen kommunen no er i.

Difor har han no sendt inn spørsmål til neste møte i fylkesutvalet i Vestland, om fylkesordførar og fylkesrådmann no vil gå i dialog med Hyllestad kommune, for snarast mogeleg å kome i gong med omstillingsarbeid for å avgrense verknadane av nedbemanninga ved skipsverftet i Leirvik.



Skipsverftet har som kjent varsla nedbemanning med rundt 100 tilsette i løpet av neste år.


Ap-politikaren frå Fjaler viser til at ordføraren og det øvrige næringslivet i Hyllestad allereie er på bana, og ønskjer å kome i gong med omstillingsarbeid snarast.

Fylkespolitikar Arve Helle (Ap).


- Fylkeskommunen har ansvar som regional utviklingsaktør og det vil difor vere naturleg at dei stiller til rådvelde både kompetanse og midlar, seier han til Ytre Sogn.



- Dette råkar hardt i ein liten kommune som Hyllestad med rundt 1300 innbyggarar. Vi snakkar om eit tap av arbeidsplassar som tilsvarar 7-8 prosent av innbyggartalet.

Til samanlikning ville noko tilsvarande utgjort rundt 1700 arbeidsplassar i ein kommune som Sunnfjord, påpeikar fylkespolitikaren frå Dale.


Utover dei direkte arbeidsplassane kjem det også store ringverknadar for leverandørindustrien rundt verftet.