Lokale nyhende frå Ytre Sogn 7. august 2020
Ytre Sogn 7. august 2020

Tiril Olsbø frå Bremanger får god hjelp frå kontaktlærar Kristin Viksøy Sande. - Lærarane her er heilt fantastiske, seier Olsbø.

No er frisørlinja i Høyanger historie

Journalist: Cecilie Skogheim | Publisert: 11. juni 2020

Etter 50 år er frisørlinja ved Høyanger vidaregåande skule no historie. 

Dei åtte elevane i klassen er siste kullet som får vitnemål frå frisørlinja i Høyanger. Fredag 12.juni hadde dei siste skuledagen sin, medan lærarane har ei veke igjen.

Utruleg rart

Ein av dei, Tiril Olsbø frå Bremanger, fortel at året i Høyanger har vore både moro og spennande.
Ho tykkjer difor at det er trist at linja no vert lagt ned.

– Lærarane her er heilt fantastiske, seier ho til Ytre Sogn.

Frå hausten av blir linja flytta til Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Kontaktlærar Kristin Viksøy Sande og faglærar Ingunn Eikås fortel til Ytre Sogn at det er utruleg rart at det kun er få dagar att.

– Det er dumt for både skulen og lokalsamfunnet. Linja her har alltid vore populær, seier dei to lærarane.

Frisørlinja har vore i Høyanger sidan 70-talet, og har vore det einaste tilbodet i tidlegare Sogn og Fjordane.

Skal bu på hybel

Lærarane har planane klare for neste kapittel. Sande skal vere med vidare til Eid vidaregåande skule, og skal byrje som lærar ved frisørlinja der.

– Eg skal pendle og bu på hybel, fortel ho og ler.

– Alle ler når eg fortel det. Eg har jo ikkje budd på hybel på 25 år, held ho fram og fortel vidare at ho er spent på korleis nye jobben blir. Kollega Ingunn Eikås er glad for at Sande kan vidareføre faget ved Eid vidaregåande skule. Ho sjølv har fått jobb som arbeidslivskontakt ved Høyanger vidaregåande skule.

– Det blir rart å ikkje jobba i frisøryrket lenger, men eg er takksam for at eg har ein jobb, seier Ingunn Eikås.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Kontaktlærar Kristin Viksøy Sande og faglærar Ingunn Eikås synest det er trist at frisørlinja i Høyanger blir lagt ned.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord