Frisørlinja blir verande i Høyanger


Høyanger vidaregåande skule får behalde frisørlinja i alle fall eitt år til.

Det er klart etter møte i Hovudutval for opplæring tysdag.

– Slik møtet vart må eg seie meg nøgd med utfallet. På eit tidspunkt vart det tvil om finansiering og gruppestorleik, men det løyste seg ved at ein køyrer fellesfaga samla på Vg2-nivå. Men det var på hengande håret, seier utvalsmedlem Henrik Oppen (Ap) frå Høyanger til Ytre Sogn i etterkant av møtet.

Vedtaket inneber at det vert lyst ut ei halv gruppe (åtte plassar) i vg2 frisør ved Høyanger skule neste år.

Vedtaket vart gjort med sju mot to røyster. Henrik Oppen (Ap), Senea Sabanovic (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Gunn Åmdal Mongstad (Sp), Anders Ryssdal (Sp), Ole Johnny Stubhaug (Sp) og Trude Brosvik (KrF) røysta for, medan Alfred Bjørlo (V) og Sonja Øvre-Flo (H) røysta mot.

I tillegg til å behalde frisørlinja, er det også vedteke å opprette ei halv gruppe (åtte plassar) i helse og oppvekstfag ved skulen i Høyanger.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!