Framleis ingen mistenkte etter innbrot i kafé


Politiet står framleis utan mistenkte etter innbrotet på KaffeTelegrafen i Høyanger natt til nyttårsaftan.

Det vart ein trist avslutning på året 2017 for søstrene Veronica og Jannike Nessestrand då ein eller fleire braut seg inn og stal vekslepengar og telefonen til spisestaden deira KaffeTelegrafen i Høyanger natt til nyttårsaftan.
Overfor Ytre Sogn stadfestar politiførstebetjent Oda Elvegård Thorstad at det er stole eit brekkjern frå naboen sin garasje, men at dette ikkje er funne. Difor kan ho heller ikkje seie med sikkerheit at det er dette som er brukt under innbrotet.
– Har de spor i saka?
– Vi har nokre spor som vi driv og undersøker, men førebels har vi ingen konkret mistenkte. Men vi jobbar godt med saka, og har håp om å oppklare den, seier ho.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!