Fotograf Tom Hatlestad stiller ut i heimbygda


Heilt sidan ungdomsåra i Høyanger har fotograf Tom Hatlestad funne inspirasjon i naturen rundt. Det går også att i utstillinga hans som opnar i Gunnar S. Galleriet denne veka.

- Det var sløydlæraren min på skulen i Høyanger som lærte meg å framkalle, i eit mørkerom som var laga til inst i sløydsalen. Eg lånte kamera til far min og sykla fram i dalen og tok bilete, og hugsar enno det første eg tok - ein istapp som hang i eit tre, fortel Tom Hatlestad når vi møter han i galleriet i Byporten, der han er i gang med å fordele bileta på dei ulike veggane.

Og han fortsette å ta bilete gjennom ungdomsåra på 1960 og -70-talet. Han var ute omtrent heile tida, minnast han.

Bileta som er med i utstillinga som opnar for publikum no på laurdag tok han i 2014 og 2015,på ei reise som gjekk nord for polarsirkelen. Felles er at dei viser land sitt møte med vatn.

- Det går heilt tilbake til biletet eg tok i ungdomsåra, framme i dalen. Det av istappen i treet, påpeikar han.

Les meir om utstillinga i siste utgåve av Ytre Sogn!