Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Helge Øyehaug, leiar i Høyanger jakt- og fiskelag (HJFL)

Fortvilar over at Statkraft 
vil leggje ned klekkeriet


Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 22. februar 2018

Statkraft vil leggje ned klekkeriet som ligg oppe i Dalen i Høyanger. Høyanger jakt- og fiskelag (HJFL) fortvilar, og klagar avgjerda inn til Miljødirektoratet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Høyanger jakt- og fiskelag (HJFL) ber faginstansane om å gjere naudsynte undersøkingar og vurderingar som sikrar framtida for laksen i Daleelva. HJFL har drive klekkeriet i 30 år, og medlemmane er klare på at livet – eller i det minste kvaliteten på livet – i Daleleva står på spel om klekkeriet blir lagt ned.

–Det er nesten ikkje naturlege gyteplassar att i elva. Vi snakkar om ei elv som er 100 prosent regulert. Eg er uroa for laksen sitt ve og vel i Daleelva, seier Helge Øyehaug, som er leiar i HJFL.

Les meir i Ytre Sogn fredag

Huset med klekkeriet som Statkraft vil rive etter at fisken er sett ut i Daleelva til hausten.
Det er 33 tersklar i Daleelva, som er 100 prosent regulert.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord