Forlenger stenging av verft


Kommunestyret i Hyllestad har på møte i dag vedteke å forlenge stenginga av verftet i Leirvik til 19.oktober.

Gjenopning kan ikkje skje før det har gått ein periode på minimum sju dagar utan nye Covid-19-smittetilfelle i tilknyting til verftet, går det fram av saksutgreiinga. Då skal også kommunelege ha godkjend forsterka smitteverntiltak som er eigna for å motvirke nye utbrot.



- Ut ifrå smittevernomsyn var det i grunn inga vanskeleg avgjerd å ta. Det var i alle høve ingen dissens i kommunestyret då saka vart handsama på møtet i dag, seier ordførar Kjell Eide i ein kommentar til Ytre Sogn torsdag ettermiddag.



- Vi, som dei, vil jo at aktiviteten på verftet kjem i gang igjen raskest mogleg. Men då må vi vere sikre på at det ikkje lenger er smittefare der, legg Eide til.



- Vi forheld oss til vedtaket. Så mykje meir er det vel ikkje å seie, seier verftsleiar Erlend Hatleberg i ein kommentar til Ytre Sogn.

Det var 2.oktober at kommunelegen fata vedtak om stening av verftet fram til og med 10.oktober, som er i morgon laurdag. No vert altså vedtaket forlenga med ni dagar, til 19.oktober.

Hindre spreiing



Det er i dag om lag 460 personar som arbeider ved veftet, inkludert innleigd arbeidskraft frå underleverandører. Av desse har 80 til no testa positivt på Covid-19. 



- Opp mot 21 prosent av testane som er teke ved veftet har vist seg å vere positive, Kommunelegen meiner dette som eit klart teikn på at situasjonen er å beteikne som eit ukontrollert utbrot. Tiltaka vert difor sett på som naudsynte for å avgrense smittespreiinga og gjennom dette å forhindre ei ukontrollert spreiing utanfor verftsmiljøet. Dette for å beskytte sårbare grupper og for å oppretthalde naudsynt kapasitet i helsetenesta, heiter det i grunngjevinga.



Det vert også vist til at arbeidsoperasjonane ved veftet gjer at smittevernet som er naudsynt i situasjonen ikkje kan ivaretakast.



Vurderingane er gjort med støtte i smittevernfaglege råd fra Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen i Vestland.


Opnar gradvis


Elles føler kommunen at dei no har såpass kontroll over situasjonen, at lokalsamfunnet gradvis blir opna opp igjen.



- Vi håpar å kunne opne barnehage og skule på måndag, seier ordføraren.