Førebur seg til NM i elektrofag


17-åringane Sølve André Dale og Ola Nedberge Hille på Høyanger vidaregåande skule fekk eksperthjelp i førebuingane sine til NM i yrkesfag, som går av stabelen denne veka.

– Vi har jo ikkje same erfaringa som dei som jobbar med det til vanleg, i alle fall ikkje enno. Då er det jo veldig greitt med råd frå dei om korleis vi kan løyse oppgåva, seier Sølve André Dale, som går andre året på elektrolinja til Høyanger vidaregåande skule, til Ytre Sogn.

Og for knappe to månader sidan gjekk han til topps i fylkesmeisterskapen i det same faget, og skal med det representere Sogn og Fjordane i norgesmeisterskapen som er denne veka. Onsdag og torsdag skal han og klassekamerat Ola Nedberge Hille frå Lærdal, som han får ha med seg i konkurransen, møte dei andre fylkesmeistrane i det same faget til dyst på Glemmen videregående skole i Fredrikstad.

Men før dei kjem så langt har dei blant anna fått besøk av bedrifta HAFS elektro & rør som held til i kommunen han sjølv kjem frå, nemleg Hyllestad. Og dei kjem gjerne med gode råd til korleis dei kan løyse oppgåva som dei vil ha fire timar på å løyse under NM. Den får elevane nemleg utdelt på førehand. Både Sølve og Ola er spente på kva som ventar dei.

– Det blir nok endå vanskelegare no, i og med at vi skal konkurrere mot andre fylkesvinnarane. Det er mange deltakarar, og vi reknar med at nivået er høgt. Klart det hadde vore kjekt å gå til topps der også. Men det er vanskeleg å seie på førehand, seier Sølve.

Ola nikkar.

– Vi skal gjere vårt beste. Sjå får vi sjå om det er nok, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Oppgåva i NM går blant anna ut på å installere lys som skal styrast via ein PLS (Programerbar logisk styring, red.mrk.) og ein sensor.