–Forbrukarane betaler for unike produkt


–Norske forbrukarar er i dag villige til å betale for unike produkt, sa Landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han opna Ciderhuset Èconomusèe i Balestrand fredag.

Med vèrgudane på si side fekk familien Eitungjerde-Høyvik ei fantastisk opning av Ciderhuset Èconomusèe fredag ettermiddag. Eit visningssenter der folk kan få sjå korleis Ciderhuset produserer drikke av 100 prosent frukt og bær. Framfør dei om lag 50 inviterte gjestene vart visningssenteret opna av Landbruks –og matminister Jon Georg Dale. Saman med EU sin ambassadør i Norge, Helene Campbell, fekk familien mange lovord og lykkeønskje for det nye visningssenteret.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!