FAU ved Vadheim oppvekstsenter og innbyggarar i Vadheim elles reagerer på framferda til kommuneadministrasjonen, og stiller spørsmålsteikn ved om informasjonen som lokalpolitikarane får for å ta sine avgjersler er korrekt. FAU-leiar Rebecca Ullebø står til høgre på bildet.
FAU ved Vadheim oppvekstsenter er kritiske til kommuneadministrasjonen

–⁠ Føler meg misbrukt og utnytta


Foreldre med elevar på Vadheim oppvekstsenter er ueinige i elevtalet som blir lagt til grunn i saksutgreeinga til lokalpolitikarane, og reagerer på framgangsmåten til administrasjonen i kommunen.

6. juni fekk formannskapet i Høyanger presentert at det er 8 elevar som skal begynne på skule i Vadheim til hausten. Dette talet er no oppjustert til 9 i forkant av kommunestyremøtet torsdag, med atterhald om at talet er noko usikkert grunna omstende som administrasjonen ikkje rår over, men FAU (Foreldrenes arbeidsutval) ved Vadheim oppvekstsenter meiner at det talet framleis er betydeleg lågare enn det som er realiteten. Dei hevdar at det mellom anna grunna tilflytting i desse dagar vil vere 12 elevar som skal begynne på skulen til hausten, og at administrasjonen sitt utspel om at det har kome søknadar og tilbakemeldingar frå fleire foreldre om at barna deira ønsker å bli elevar ved Høyanger skule ikkje stemmer.

– Foreldre som har sendt inn høyringssvar eller prata om kva dei ser på som det beste valet av alternativa lista opp i høyringsbrevet, som alle går på flytting av elevar frå Vadheim, har blitt ringt opp av administrasjonen og spurt om dei treng hjelp til å lage til søknaden om flytting av eleven sin, eller spurt om det kan fattast vedtak om flytting med høyringssvaret som grunnlag. Det er dette som no har blitt vridd på av administrasjonen og lagt fram for politikarane som konkrete søknadar om flytting av elevar. Denne framgangsmåten har vore ubehageleg for dei foreldra det gjeld, og vi stiller spørsmål ved om denne typen kontakt i det heile er lovleg.

Det fortel Rebecca Ullebø, som er leiar i FAU ved Vadheim oppvekstsenter. Dei åtvarar politikarane om å ta ei så stor avgjersle som det er å mellombels stenge skulen i Vadheim utan ein bakgrunnssjekk på informasjonen dei får frå administrasjonen som del av saksutgreiinga. Ein av foreldra Ytre Sogn har snakka med som vart oppringt av kommuneadministrasjonen er sjokkert over framgangsmåten i saka.

– Eg føler meg misbrukt og utnytta. Eg har gitt tilbakemelding på kva alternativ i høyringsbrevet som eg meinte var best for min elev, om ein måtte velje eit av dei fem alternativa som alle omhandla flytting frå Vadheim. Så vart eg oppringt av kommuneadministrasjonen ein dag med spørsmål om dei kunne gjere eit vedtak basert på høyringssvaret mitt, og eg forstod først ikkje kva eg heldt på å gå med på før eg skjønte agendaen til den eg snakka med, og fekk sagt i fra om at eg ikkje ønska eit slikt vedtak eller søknad om flytting for min elev. Om opplevingar som den eg har hatt no har blitt til formuleringar i saksutgreiinga om at det har kome inn søknadar om flytting av elevar frå skulen i Vadheim er det sjølvsagt både skremmande og noko vi i foreldregruppa reagerer sterkt på.

Større bilde
Da spørsmålet om ei mellombels stenging av skulen i Vadheim vart presentert under kommunestyremøtet i mars var det barna sitt beste som vart lagt til grunn av administrasjonen som det einaste relevante vurderingskriteriet. Foreldra i Vadheim er einige i at det er ungane sine behov som må vere avgjerande i saka, men at det samstundes må vere mogleg å sjå den i ein større samanheng. 

– Det har vore veldig lite fokus på kvalitetane ved skulen i Vadheim, og kva som er bra med skulemiljøet der, så vi opplever at administrasjonen køyrer eit einsidig løp og ikkje er interesserte i å gje politikarane balansert og opplysande bakgrunnsinformasjon. Det er heller ingen som har vore i kontakt med oss foreldrene og spurt oss om korleis ungane våre har det her på skulen. Her er det trygt, godt og nært utan belastninga det vil bli med reiseveg til og frå skule og SFO, og det gjerne i ein anna retning enn den som foreldrene sjølv reiser til og frå jobb sidan mange i Vadheim har arbeid i Sunnfjord. Vi meiner at Vadheim har store føresetnadar for vekst i åra som kjem, og vi ser alt at ting skjer i form av tilflytting av unge folk og fleire barn i barnehagen. Med nærleiken til Sunnfjord og arbeidsmarknaden der er det stort sannsyn for at fleire vil busette seg i Vadheim no når ein har fleire moglegheiter til å etablere seg her, og dette er noko ein må ha med seg i vurderingane så ein ikkje stikk kjeppar i hjula no like før ein verkeleg er i ferd med å få ny fart på Vadheim som lokalsamfunn. Her må det kunne vere mogleg å finne andre alternativ enn stenging, og bruke meir tid på å finne gode løysingar. I alle fall sidan elevtalet etter våre utrekningar er ein god del høgare enn det administrasjonen legg til grunn for i sine tilrådingar.

Kommunedirektør Ørjan Haram kjenner seg ikkje igjen i påstandane frå FAU i Vadheim og meiner at lokalpolitikarane i Høyanger får presis og etterprøvbar informasjon frå administrasjonen.

Kjenner seg ikkje igjen
Kommunedirektør Ørjan Haram kjenner seg ikkje igjen i at administrasjonen i Høyanger skal ha vridd på informasjon knytt til søknadar om flytting av elevar ovanfor lokalpolitikarane. 

– Desse søknadane var tema på formannskapsmøtet 6. juni bak lukka dører av personverns­årsaker, og eg kan heller ikkje her gå inn på påstandane frå FAU ved Vadheim oppvekstsenter knytt til elevtalet av same årsak. 

Haram understrekar at lokalpolitikarane i Høyanger har moglegheit til å etterprøve informasjon frå administrasjonen og få innsyn i relevant dokumentasjon om dei ber om det, noko som og blir gjort.

– Det var ei årsak til at deler av førre formannsskapsmøte gjekk bak lukka dører, og at dette kanskje kan bli aktuelt for kommunestyremøtet 15. juni også, og det er nettopp fordi det der vart presentert konkret informasjon i saka unnateke offentlegheita slik at politikarane skulle få den innsikta dei ønska og eit så presist bilde av den som mogleg.