Fleirbrukshallen i Hyllestad tek form


Med tak og veggar på plass er ein no i gang med innvendig arbeid i den nye fleirbrukshallen i Hyllestad. Og ifølgje byggjeleiar Jostein Ryland held dei oppsett framdriftsplan.

Prosjektet som starta opp i april 2017 med riving, graving og planering av tomta har i følgje byggjeleiar for prosjektet, Jostein Ryland frå Ryland Bygg AS gått etter planen.
– Med den utvendige delen som tak og veggar, dørar og vindauge på plass er vi no i gang med arbeidet inne i bygget, der vi blant anna jobbar med rominndeling med å setje opp skilleveggar og plate desse. I tillegg vart all golvstøyp i prosjektet ferdigstilt i førre veke av Terje Sunde AS som har hatt alt betongarbeidet, seier Ryland til Ytre Sogn.
Han fortel vidare at dei også er i gang med teknisk installasjonar, som underentrepenør Caverion tek seg av. Sjølve innreiingsarbeidet vil bli utført av Sogn Bygg AS og Ole Helge Solstad AS, i regi av Ryland Bygg AS.

Rundt bygget I midten av mars skal det innvendige målararbeidet av bygget starte, eit arbeid som blir utført av maler Rune Skilbrei AS.
– I månadskiftet mars-april vil vi starte opp igjen ute med ulikt arbeid rundt bygget, for å ferdigstille tomta. Arbeidet med montere utstyr og leggje sportsgolv, som blir levert av Unisport AS, inne i bygget vil starte opp i midten av mai, seier Ryland.
Det er arbeidsfellesskapet GBT AS – som består av T. Sognnes AS, T. Sunde AS og Ryland Bygg AS fekk oppdraget med å byggje fleirbrukshallen i Hyllestad. Hallen får eit areal på til saman 2960 kvadratmeter og har ei kostnadsramme på rundt 40 millionar kroner.