Fire område i Høyanger aktuelle for bubilparkering


Fire område i Høyanger tettsted er no peika ut som aktuelle for bubilparkering.

Dei er:


1) Ved sentralidrettsanlegget (Høyangerbadet)


2) Hjetland industriområde


3) Ved rutebilstasjonen


4) Nedre Sæbø ved moloen



Alle saman vart presenterte i møtet i Planutvalet i dag tysdag, av arealplanleggjar Janne Kristin Bøyum i Høyanger kommune.

Ho understrekar at dei er heilt i oppstartsfasen, og no ser på moglegheitene som er.



- Dette er eit segment innanfor turisme som Høyanger tettstad ikkje har tilrettelagt for i ordna forhold. Det er det vi no skal finne ut av. Så er det ein heil del avklaringer som må på plass før ein vel lokalitet som skal utgreiast nærare, og lagast ein reguleringsplan på, eller som del av anna reguleringsplan, seier Bøyum om det ho tykkjer er eit veldig spennande prosjekt som gjer at Høyanger som tettstad og kommune får endå meir å by på.

Dei fire områda er merka med raud stjerne på kartet.

Kjem best ut


Ho peikar på at det er både fordelar og ulemper knytt til alle fire områda.



- Ut ifrå ei heilskapleg vurdereing er det moloen som kjem best ut av dei fire. Dette er på grunn av utsikt, tilgang til sjø og at det er einaste alternativet der reisande køyrer gjennom sentrum på veg til destinasjonen, meiner Bøyum.

Elles vil det krevje lite ressursar å merke opp areal til ei mellombels, men tilfredsstillande parkering, inntil ei meir permanent er på plass.



-Å tilretteleggje for bubilparkering i Høyanger tettstad vil vere eit supplement til turismen som baserer seg på hotellferie. Det gjer at kommunen får fleire bein å stå på innan næringa, som får ringverknader for andre næringar og lokalsamfunnet elles, seier ho.


Arealplanlefggjar Janne Kristin Bøyum (biletet) la fram dei fire alternative til bubilparkering i Høyanger tettsted i dagens møte i planutvalet.