Feriestaden på Norevik er selt


Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening har selt Norevikane/Fagernes hytte- og konferansesenter til ekteparet Eirik Strand og Therese Strand.
Det gjekk for 3,6 millionar.

– Det var dei som hadde det beste bodet og det beste konseptet, seier Lars Kjetil Skeie, leiar i HKIF.

Camping

I følgje Skeie så vil dei nye eigarane satse på å utvikle ein skikkeleg campingstad.

– Dei vil utvikle for camping og bevare området. Det var veldig viktig for oss når vi skulle selje. Det er ikkje berre prisen, men også dei rette eigarar, seier Skeie. Dei nye eigarane skal renovere staden, i følgje Skeie.

– Trur du det blir eit godt tilbod for turistane?

– Ja, absolutt. Men det blir også eit veldig godt tilbod til Høyanger-folket.