Fekk pris under Nordic Talents


Saman med medelev Harald Mæle jr. fekk Kjersti Wøien Håland frå Høyanger pris då den nordiske pitchekonkurransen Nordic Talents ´16 nyleg gjekk av stabelen i København.

Nordic Talents er ein møtestad for nyutdanna filmarbeidarar frå heile Norden og den etablerte bransjen. Det er Nordisk Film & TV Fond som er arrangør, og eitt av høgdepunkta er konkurransen der avgangselevane ved dei ulike nordiske filmskulane «pitcher» - eller presenterer - sine ideár til ein film eller tv-serie framfor eit publikum og ein jury. Dei må også svare på spørsmål frå juryen.

Sidan deler juryen ut to prisar; «Pitch Prize» på 250.000 kroner og «Special Mention Prize» på 50.000 kroner. Og det var den siste Kjersti Wøien Håland og Harald Mæle jr, som ho går i lag med på Den norske filmskolen på Lillehammer, fekk.

- Det betyr mykje for oss å få delta på Nordic Talents og få ein «Special Mention»-pris. Det vil seie at vi er eit skritt nærmare å produsere idéen, men også at vi har fått truffe så mange interessante menneske i den nordiske filmbransjen, både ferske og erfarne personer, seier Kjersti Wøien Håland til Ytre Sogn.

Dei to pitcha ein barne tv-serie, som har fått namnet "Changeling", saman.

Om «Changeling» seier juryen blant anna at «temaet er vakkert om det å passe inn» og at «den har stort potensial til å vekse i mange retningar som eit tv-drama».

- I korte trekk handlar den om jenta Vilde som vaknar på 13-års dagen og har grodd ein lang hale. Ho oppdagar at ho er ein bytting, at ho egentlig er eit troll. Dette er ein metafor på å gå gjennom puberteten og føle at ein mistar kontroll over kroppen, forklarar Håland.

Les meir i papirutgåva fredag!