Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Nina Brekke høyrer til dei som lever og andar for jobben sin. Ja, ho tykkjer nesten det er litt trist når sommaren kjem, og bibliotekfilialen i Ortnevik held stengt. - Men det hender eg er innom likevel, seier ho med eit smil.

Fann landets koselegaste bibliotek

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 24. desember 2017

I fire år reiste Jo Straube (34) omkring i Norge og tok bilete av norske folkebibliotek. I Ortnevik fann han det han meiner er landets koselegaste.

– Eg vart tipsa om bibliotekfililen i Ortnevik medan eg var innom for å ta bilete av Førde sitt. Ho som no er sjef der hadde same jobben i Høyanger tidlegare, og fortalde at det i Ortnevik hadde høgare utlån per innbyggjar enn hovudbiblioteket. Og sidan eg likevel skulle vidare sørover, fann eg at det ikkje var store omvegen å avleggje det eit besøk, seier Jo Straube, fotojournalist med base sin i Oslo, til Ytre Sogn.

I løpet av fire år – og 20.000 kilometer – har han besøkt ikkje mindre enn 204 biliotek i heile landet, som no har resultert i praktboka «Det norske biblioteket». Han har teke bileta, medan han har fått Frode Grytten til å skrive teksten.

Og som han fortalde då han nyleg var gjest i radioprogrammet «Norgesglasset på NRK P1, er biblioteket t i Ortnevik blant dei som har gjort inntrykk på han. Ja, han kåra det like godt til landets koselegaste.

– Det ligg oppunder skråtaket, på loftet i det tidlegare skulebygget. I grunn er det altfor lite til bruken det har, og bøkene står i stablar rundt om. Mykje er eigentleg feil i høve til slik ein forventar at eit bibliotek skal vere. Men så følest det så rett likevel, seier han og mykje av det tilskriv han filialstyrar Nina Brekke.

– På reisene mine i Norge har eg sett at det er forskjell på dei som jobbar på bilioteka. Nokre viser større entusiasme for oppgåva dei er sett til enn andre, og har mange tankar og idéar om korleis dei skal gjere biblioteket endå betre. Nina høyrer til dei, seier Jo.

– Det var ikkje det eg hadde venta å høyre, men det er sjølvsagt kjekt, seier Nina Brekke sjølv.

Ho var blant dei som hadde radioen på for å få med seg «Norgesglasset» på NRK P1, der ho visste Jo Straube skulle vere og presentere den nye boka om norske folkebibliotek. Ho peikar på at boka om institusjonen som det blir stadig færre av er viktig, og ho skulle ønskje at den hadde fått endå større merksemd enn den har.

-Det fortener boka hans. Når det er sagt, hadde eg ikkje trudd at han skulle komme inn på biblioteket vårt i Ortnevik då han vart intervjua om den. Langt mindre kåre det til landets koselegaste. Nei, det kvar heilt uventa, seier ho og ler.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord