Even har opna Smertehjelpen


Even Mannsåker har opna eit lågterskeltilbod for smerteredusering i Høyanger. I lokala i Dalevegen 6 vil han hjelpe folk til ein kvardag med mindre smerter.

– Smertehjelpen er eit behandlingstilbod, eit lågterskeltilbod for personer med smerter i kvardagen; manuell behandling ved hjelp av muskel- og massasjeterapi, personleg trening og i grupper. Mykje dreier seg om kunnskapsformidling ansikt til ansikt, men og ved føredrag og workshop. Det gir ein veldig bra heilskap, seier Even Mansåker til Ytre Sogn.

Les meir i dagens Ytre Sogn