Einar Rysjedal, leiar Raudt Høyanger.
YTRINGAR:

Er Følling & co truverdige?


Jenny Følling jamrar seg over at ras-/skredsikring av fylkesvegane ikkje blir høgt nok prioritert (lokalavisa Ytre Sogn 24. april).  Ho er  leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe, og det hadde no vore rart om ho som leiar hadde skrive noko anna.


Ho seier seg samtidig fornøgd med satsinga på rassikring av riksvegane i Nasjonal Transportplan  og at «Våre liv kan ikkje vere avhengig av kven som eig vegen».
 
Ja, vi er einige i at fylkesvegane må skredsikrast i eit langt høgare tempo enn det regjeringar og stortingsfleirtal med ulike fargar har prestert.  Det noverande lågmålet, vil gjere at det vil ta fleire tiår før skredsikringa er gjort.  Her har både Solberg-regimet og Stoltenberg-regimet sitt å svare for.
 
Men kva med Vestland fylkeskommune si rolle i saka?  Her sit SP med fylkesordførar, og fylkestinget blir regjert av ein fleirtalskoalisjon frå KrF via SP og AP til MDG og SV.  Raudt blei halden utafor det «gode» selskapet. 


Denne fleirtalskoalisjonen la seg i 2020 i selen for Hordfast-delen av ferjefri E39.  Det er eit prosjekt som er kostnadsrekna til 30-40 milliardar kroner, men vil truleg koste over 50 milliardar, dersom det ikkje blir stoppa.  No har heldigvis MDG og SV distansert seg frå dette.
 
Fleirtalskoalisjonen, der Følling sitt parti SP, saman med AP, er maktas kjerne.  Dei burde ha gitt klar beskjed til sentrale styresmakter om at slike prosjekt som Hordfast, er uaktuelle så lenge det manglar pengar til skredsikring på fylkesvegane. 
 
Raudt får alltid spørsmål om kor vi vil ta pengane frå.  I dette tilfellet ville vi redusert den kjempestore «Hordfast-potten».  Så lenge Følling og fleirtalskoalisjonen ikkje gjer det, er desse partia sin sut for ras-/skredsikring av fylkesvegane, ikkje truverdig.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.