Ekteparet Ryland fekk Kvernsteinsprisen 2017


Kirsten Gravdal Ryland og Jostein Rylandl er tildelt Kvernsteinsprisen 2017 for engasjementet sitt for barn og unge i Hyllestad.

– Prisen betyr svært mykje. Den gir inspirasjon til vidare arbeid, og det kjennest godt å få stadfesta at det arbeidet ein gjer med barn og unge i Hyllestad vert lagt merke til og sett pris på, seier Jostein Ryland om prisen som han og kona mottok på kommunestyremøtet i Hyllestad torsdag.

Dei to er blant anna primus motor for ungdomsklubben Solution Hyllestad, som starta opp hausten 2015. Klubben har samlingar om lag anna kvar fredag i Hyllestad kyrkje, og programmet er variert, med leik, song, andakt og mat. Målgruppa er primært 13-18 år, men klubben er open for ungdom i alle aldrar.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!