Ekstra tiltak hos Spar Hyllestad i påska


Som mange andre butikkar har også Spar Hyllestad ekstra tiltak med kundevertar og oppmerka butikk under årets påskehandel.

-Vi hadde ekstra tiltak med kundevertar som var på plass onsdag og kjem til å ha det no på påskeaften laurdag, for å passe på at ikkje for mange kundar er inne i butikken på same tid, og at dei følgjer oppmodinga med handvask før og etter handelen. I tillegg til dette var det oppmerka felt inne i butikken, for å halde avstand. Og kundar viser forståing for tiltaka og tek dette på alvor. Det er veldig bra for oss som har denne jobben, og som føler oss litt utsette, seier Cecilie Løvø Amundsen, ein av dei butikktilsette, til Ytre Sogn.



Ho fortel at det er ein veldig spesiell situasjon å vere i, noko dei også merkar på handlemønsteret til kundane.



-Etter at koronasituasjonen starta så har dei som bur her endra handlemønster ved at dei handlar langt meir varer når dei først er her, og at dei ikkje er så ofte innom som tidlegare. 

Dei to første dagane etter at koronatiltaka vert sett i verk vart nokre av reolane i butikken tomme. Men dei er no fylt opp igjen, og med varelevering fire gonger i veka så går det helt fint.

Amundsen peikar på at Hyllestad også er ein kommune med mange hyttegjester i påska, og ho er glad for forbodet som kom. På den måten er ein med og reduserer smittefaren. 



- Men utan hyttefolk på besøk i påska vart varebestillinga litt utfordrande denne gongen, fordi vi ikkje kunne samanlikne med tidlegare år, seier ho, men understrekar at det har gått heilt fint.



- I denne situasjonen må vi berre gjere så godt vi kan, for dette er ein fellesdugnad der vi alle må vere med og bidra, seier Amundsen.

I kassen hos Sander Boge Skaar er det sett opp pleksiskjerm i kassen for å beskytte.