Fanny Ullebø (t.v) og Sigrid Kvamme skal segle ei heil veke med skipet «Statsraad Lehmkuhl» frå Honfleur i Frankrike til Bergen i Norge.

Ein uvanleg ferie

Sigrid Kvamme og Fanny Ullebø frå Høyanger skal ha ein litt annleis ferietur enn dei fleste andre. Dei skal nemleg segle frå Frankrike til Noreg med skipet SS «Statsraad Lehmkuhl».


Turen starta med fly frå Bergen, og jentene fortel om planane for turen.

– Vi skal fly til Paris natt til fredag og vere der laurdag og søndag. Vi skal prøve å sjå mest mogleg sjåverdigheiter som Eiffeltårnet og Triumfbogen. Vi mønstrar på skipet på måndag morgon i Honfleur og skal vere på havet i ei veke før vi kjem til Bergen på søndag, fortel dei spente jentene.

Spente og litt nervøse 
Dei er svært spente og litt nervøse på kva dei kjem til og oppleve, men gler seg også utruleg mykje.

– Dette blir nok ei kul oppleving utanom det vanlege. Vi skal sjølvsagt ta mykje bilete, men vi har ikkje dekning på store delar av turen, så det blir nesten ein mobilfri ferie.

Eg gler meg veldig til å lære å vere mannskap på skipet og korleis ein skal segle. Det mest spennande blir nok å klatre opp i riggen. Så blir det spanande å sjå om vi blir sjøsjuke, fortel Ullebø.

– Ja, vi har pakka sjøsjuketablettar begge to, ler Kvamme.
På skipet får dei ulike oppgåver og vakter dei skal gjennomføre i løpet av dagen.

– Vi blir rundt 100 folk på skipet. Vi blir delt inn i tre vaktlag der vi har to firetimars vakter i løpet av dagen. Dei fleste blir dekkvakt og skal utføre oppgåver for å drive skipet som å handtere segl eller klatre i riggen. Ein kan også få oppgåver som brannvakt, rorvakt eller stå på utkikk, fortel Kvamme.

Inspirasjon for turen
– Vi var med i ein seglklubb i Bergen og synest det var veldig gøy. Da vi fant ut at det er mogleg å søke om toktstipend og få 40% av båtturen dekka, noko vi fekk innvilga, var det berre å gripe moglegheita og takke ja til plass på turen. No er vi spente på kva som kjem oss i møte og gler oss veldig til å mønstre på «Statsraad Lehmkuhl», smiler jentene.