Ein svingande flott konsert


Ekstra stolar måtte settast fram då publikum strøymde til konsert med Fagforeningens Musikklag på Valhall laurdag ettermiddag.

Fullt hus på Valhall under laurdagens konsert. Fullt hus på Valhall under laurdagens konsert.

Ikkje ein stol var ledig under konserten. Her var ung og gamal samla for å høyre korpset framføre eit litt annleis konsertrepertoar enn vanleg.

– Det er kjekt å få til ein slik konsert, og kunne vise publikum at korpsmusikk er noko meir enn berre det å spele marsjar. For å få breidde i musikken vi spelar, samt litt utfordringar, har eg plukka ut eit variert program, seier musikkansvarleg og dirigent Sonja Aasen Årdal.

- Her er det framføring frå blant anna storbandsjangeren, rock og blues, noko vi håpar publikum vil sette pris på. Det å sette opp eit slikt repertoar er med på å gje medlemmane utfordringar, som til dømes å spele solo. Det er noko vi ikkje har så mykje av i den vanlege korpsmusikken, fortel ho.

Les meir i papirutgåva tysdag!