Våren er høgsesong for Hjertebladhagen, og gründer Merete Iversen flyr for tida høgt og lågt for å rekke over alt når «alle» skal ha nye vekstar til hagane sine og fine dekorasjonar klare til 17. mai, konfirmasjonar og bryllaup.
Frå sine to «basar» i Skifjorden og på Salbu driv ho Hjertebladhagen, ein hagebutikk kombinert med ulike opplevingstilbod, konsulentverksemd, og eit enkelt kafétilbod i sommarmånadane. – Eg har ein sjølvbetent butikk på Salbu som i all hovudsak blir nytta av lokale som stikk innom for å plukke med seg hagevarer på ein enkel og grei måte, medan eg her i Skifjorden gjerne får besøk av folk som kjem langvegs frå. Dei vil typisk oppleve hagen min og stemninga som er her på sommaren når den står i full blomst. På fine sommardagar når ein kan sitte ute med ein kopp kaffi og skode ut over fjorden kan det nesten vere vanskeleg å bli kvitt dei igjen, seier Iversen med eit stort smil. Og i fjor vår var det særleg ein som kom stadig oftare innom, og som til slutt faktisk vart verande igjen permanent. – Eg har funne kjærleiken i løpet av det siste året, noko som i tillegg til å vere grådig kjekt og har vist seg å vere ganske så praktisk. Kjærasten min kjem som meg frå Bergen, men har eit gamalt gardsbruk her, og er ein handy mann som har jobba som industrimekanikar. Det passar veldig bra. Eg får mykje god hjelp av han i arbeidet mitt som både går mykje lettare og er mykje kjekkare når vi er to. Nytt tilbodIversen starta opp Hjertebladhagen for seks år sidan i huset sitt i Skifjorden, eit hus som tidlegare var hytte for den livlege bergensaren som har gjort sogning av seg. Det heile byrja som eit hobbyprosjekt der ho selde litt hagevarer til folk som kom innom på besøk som var nysgjerrige på den flotte hagen som dama med dei grøne fingrane sjølv hadde opparbeida seg. Sidan har det balla på seg.
Iversen er tvers igjennom ei gründersjel som likar å skape. Og det kostar, både i form av tid og pengar. – Eg kan telje på ei hand kor mange feriedagar eg har hatt dei siste seks åra, og då overdriv eg ikkje. Eg har heller ikkje tatt ut ei einaste krone i lønn. Det er mange utgifter, og inntektene har gått til innkjøp og oppussing av dei to husa mine og hageanlegga der dei siste åra. Det er inntektene som tilkallingshjelp på Hyllestad omsorgssenter som har halde liv i gründeren medan ho har bygga bedrift. Men no byrjar mykje av det ho har hatt eit ønske om å bygge og ordne å kome på plass, noko som lovar godt med tanke på å få ei litt meir bærekraftig drift. – Eg håpar at eg no har kome over det ein kan kalle etablerarkneika, og akkurat no er det faktisk pluss på kontoen, noko som er langt frå normalen på vårparten når mykje av varesortimentet for sesongen blir kjøpt inn. Det at eg etter seks år har opparbeida meg eit godt renomé og mange kjenner til meg og det eg kan tilby gir også eit positivt utslag på drifta, og gjer det litt lettare med tanke på marknad og tilgang på oppdrag. Og det er ikkje berre kundane som set pris på Iversen sitt tilbod, engasjement og smittande humør. Også lokalsamfunnet ho har blitt ein fast del av set pris på innsatsen ho legg ned, noko som resulterte i tildelinga av Kvernsteinsprisen i 2021. For lokalbefolkninga er det veldig praktisk å ha ein sjølvbetent hagebutikk i nærleiken. – Vi er jo faktisk to sjølvbetente blomsterbutikkar her i kommunen. Vi har ein i Leirvik, og så er det meg, som var først ut med konseptet. Her berre plukkar folk med seg det dei vil ha, og så vippsar dei meg betalinga. Det har fungert veldig bra, og eg har ikkje noko problem med at folk ikkje betalar for seg. Triks og kunnskap
For Iversen er det viktig å tilby varer som skil seg frå det ein kan få på ulike plantesenter, og det er mykje sjarm og sjel både i lokala og vareutvalet på Salbu og i Skifjorden. Og det største utstillingsvindauget av dei alle, er hagen heime i Skifjorden. – Det er mange som ser ting heime hos meg som dei sjølv vil ha, og det var slik eg i det heile kom i gong med å selje plantar og hagevarer. Eg prøver samstudens å gje alle som er innom gode råd og tips, også knytt til korleis dei kan dyrke ting som kan etast. Det er ein trend i tida at folk ønsker å dyrke sin eigen mat. At den driftige dama har greie på dyrking er det liten tvil om. Ho har alt salatvekster i hagen som er klare for hausting, noko som er lenge før dei fleste andre i det heile har byrja å tenke på å plante sjølvbergingskosten sin. – Ein viktig del av det eg driv med er opplæring og deling av kunnskap. Eg har sjølv prøvd og feila, og har erfaringar som eg har lært mykje av. Eg har nokre triks å by på, for dei som er interesserte i å lukkast med hage og dyrking. Iversen viser ivrig rundt i hagen sin, og fortel på inn- og utpust om kva som skal til for å lukkast med ymse plantar. Fiberdukar og pallekarmar er ei gulloppskrift, og oppe i dei ligg det jord som har blitt «pimpa» med tang, kvist og saueull. Ein potent miks som har skapt eit elderado for makk og småkryp som skapar gode vekstvilkår. – Dette er ein lidenskap for meg, og noko eg elskar å jobbe med. Men eg er og opptatt av å utvikle produkt, og skape attraktive pakkar basert på interessa mi. Her har eg stor nytte av tidlegare arbeidserfaring, og har mellom anna blitt tatt opp i ei ordning i Innovasjon Norge der eg får støtte til å drive med utvikling av opplevingar. Det er nyttig. Eg er og med i Visit Fjordkysten og Sunnfjord, og opptatt av reiseliv generelt, og av at vi utviklar Hyllestad som reiselivsdestinasjon. Det er ein heilskap her, og eg prøver å jobbe og utvikle bedrifta mi på ein måte som passar inn i denne heilskapen.