Draumejobb som budeier i Mølmesdalen


Det å stelle og ta vare på ein flokk med 66 mjølkekyr er gjerne ikkje for alle, men for 21 år gamle Lisa Meek Ljotebø og 15 år gamle Andrine Svartemyr er det ein jobb dei elskar.

Til Ytre Sogn fortel dei to jentene som begge kjem frå Høyanger, den eldste frå nordsida og den yngste frå sørsida av fjorden, at jobben som budeie rett og slett er draumejobben.

– Det beste med denne jobben er å få vere ute å jobbe med dyr, og å ha ansvaret som følgjer med ein slik jobb. Samt at ein får meir kunnskap og erfaring innanfor feltet, seier Lisa og Andrine.

Lærerikt

– Grunnen til at vi vel å jobbe som budeier har mykje med at vi begge har vakse opp på gard og er både glade i og vand med dyrestellet der. Det vart også litt naturleg i og med at fedrene våre har kyr her på stølen. Det er ikkje lønna som er det viktigaste for oss, men gleda av å kunne vere der å jobbe med dyra. Vi skapar og mange gode minne saman her oppe.

Lengtar tilbake

Mølmedalstølen som ligg i Lavikdalen er ein av to stølar som framleis er i drift. Lisa, som er den eldste budeia med mest erfaring, er i gong med sin sjette sesong som budeie der.

– Eg tykkjer det er veldig triveleg å vere her, så eg gleder meg til å dra tilbake kvart år, seier ho.

For ungjenta Andrine er det andre sommaren på stølen.

– Eg har gleda meg veldig til å kome tilbake, for det er ein interessant jobb og kjempekjekt å vere her igjen, fortel ho.To gongar om dagenI følgje jentene er arbeidsdagen i gong klokka sju. Då hentar dei inn alle dei 66 kyrne frå beiteområdet til første mjølkinga for dagen.

– Kyrne blir henta inn til mjølking kvar morgon og kveld. Det første vi gjer før vi tek dei inn er å klargjere ting i fjøset. Åtte kyr blir teke inn om gongen, der fire blir plassert på kvar side. Medan kyrne et kraftfôr vaskar vi jura og får på dei mjølkeorgana, og sett i gong mjølkeprosessen der fire kyr blir mjølka om gongen. Etter om lag to timar er alle kyrne ferdig mjølka og klare til å bli sendt ut på beite igjen. Det er maskiner og mykje automatikk i arbeidet vi gjer både når det gjeld sjølve mjølkeprosessen og vaskinga av sjølve anlegget. Når det gjeld fjøs og innhengninga så reingjer og spylar vi desse tinga to gongar om dagen, seier Lisa.

Les meir i papirutgåva av Ytre Sogn.