Doblar talet på parkeringsplassar


–Vi har hatt for lite parkeringsareal ved Kyrkjebø kyrkje. Dette skal no utvidast slik at talet på plassar vil bli dobla i løpet av 2018, seier kyrkjeverje Bjørnar Otterstein til Ytre Sogn.

Etter at det i mange år har vist seg å vere altfor lite parkeringsareal ved kyrkja på Kyrkjebø, har Høyanger kyrkjelege fellesråd no inngått avtale om kjøp av areal for å utvide parkeringsplassen på vestsida av kyrkja. Det ekstra arealet vil ha plass til om lag 15 bilar, som er ei dobling i høve til i dag. Det betyr at ein kjem opp i 30 plassar totalt.

Det er ikkje sett noko dato for når arbeidet skal starte, men Otterstein fortel at det vil bli i løpet av 2018.
– Då har vi litt pengar på budsjettet, seier han og viser til at løyve om frå deling er gitt.
– Men arealet skal målast opp, og sjølv om ervervet kanskje går i orden i år, kjem nok ikkje anleggsarbeidet i gong før neste år, seier han.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!